|
||||||||
Dalen
Ornitologiske Forening tek sterk avstand frå Djupedal ( SV )
sitt groteske åtak påmating av småfuglane
våre. På våre omframme årsmøter vil me alltid følgje forsongar Tjøstov Due i songen: ”Åh du som mettar liten fugl”. Me kjem til å syngje unisont til ei kvar tid og ikkje berre i samband med inntak av fast føde. I samband med romjula 2005 vil me freiste å få avhalde fakkeltog i protest mot Djupedal sitt tankelause utspel. Fakkeltoget vil gå frå Dalen Zoo, krysse vegen og ende opp ved Cand.odont. Jørn Ørn Lauvdal sitt fuglebrett. Her vil Guvernør Kondor Gjerde seie nokre tilfeldige ord til støtte for småfuglane. Vidare vil det bli lagt 3 solsikkefrø på brettet. Stunda vert avslutta med allsong leia av Forsongar Tjøstov Due: ”Åh du som mettar liten fugl”. Oldermann og it-ansvarleg Arne Albatrosland vil vere tilstades med kamera. Dei som vil kan få bilete av seg sjølv framfor fuglebrettet medan dei legg solsikkefrø til våre nebbete vener. Me gjer merksam på at trafikken til og frå Bu | ||||||||