Sikre observasjoner Tvilsomme observasjoner Meld inn Om foreningen Kontakt Framsida Gjestebok

Støtte til "Elektron" 

Norske myndigheiter har freista spreie negativ informasjon om fiskebåten Elektron si verksemd i Barentshavet. Dalen Ornitologiske Forening tek no sterk avstand frå dette.
Etter at Guvernøren har vore i kontakt med Næringssjefen i Petrovolsk: Nikitov Kvirrivitskij, har me late os begeistra av Elektron sitt oppdrag i Smuttholet.

Det me fekk fortalt var dumping av blåkveite var eigentleg systematisk mating av sjøfuglar i stor målestokk. Elektron er spesialfarty for mating av Arktisk Petrell og Havsule.

Dalen Ornitologiske Forening støttar prosjektet og vil no avlegge Petrovolsk ei offisiell vitjing utpå vårparten ein gong. Spesialfarty for mating av sjøfugl står vårt hjarte nært og me vil difor donere overskotet frå tidlegare arrangement - fakkeltog til dentolog Lauvdal sitt matebrett - til mannskapet på Elektron og ugifte mødre i Petrovolsk.

Guvernøren vil sjølv, i lag med Arne Albutrosland, vitje ugifte mødrer i Petrovolsk og spreie glede i ein elles trist kvardag.

Det vert no arbeidd med visa og finansiering av turen. Førebels har me berre motteke støtte frå foreninga Våre Rovdyr og Forening for Glede av Ugifte Mødre.

Kirkens Bymisjon i Fredrikstad har uttrykt moralsk støtte, men har problem med likvide midlar. Dei vil likevel sende Tidl. gardbrukar Ragnar Holme ( for eiga rekning ) med på turen medbringande eit parti eksemplar av Det Nye Testamentet på urdu. Takk til dei.

Referat frå turen til Petrovolsk vil bli lagt ut på Gjerdesmutten.com og truleg vekkje stor og brei åtgaum i miljø me knapt nok veit om i dag.


"Elektron" i ferd med å mate petrell og havsule


Petrell


Havsule


Ei einsleg mor vi likar.

   
Norsk Ornitologisk Forening (NOF)
Norsk hekkefuglatlas Birdlife international