Sikre observasjoner Tvilsomme observasjoner Meld inn Om foreningen Kontakt Framsida Gjestebok
Ein hønehauk har rota seg ned i Dalen og teke føre seg av Delphine og Olivier sine høner. Hønehauken har rota seg inn i ein flokk med Belgiske høner. Olivier er fortvila medan Delphine er meir open for inntrengaren.
Olivier har ytra ønskje om å skyte svinet, men; den dyrevenen han er, så vil han skyte han med luftgever. Hauken skal ha det litt vondt - slik at han lærer - men ikkje så vondt at han døyr av det. Hønehauken har trekt seg attende til dentolog Lauvdal sitt plommetre - der han samalar krefter og kikkar på meisane som et lysteleg av fuglefrø. Hauken har fått namnet H-0001 og vil bli merka med gult øyremerke slik at han vert attkjend. Dersom nokon ser H-0001 så ber me om at Dalen Ornitologiske Forening får melding - utan heft - slik at me kan følgje hauken sine herjingar vidare. Me ber no også om at folk held hønene sine inne til dess utysket har reist.
Til vitande: Fugleviruset har endå ikkje slege ordentleg til på Dalen - sjølv om me er på vakt og er forsiktige med virusinfiserte høner. Guvernøren har - som nemnt tidlegare - etablert mottak av potensielle virusinfisrte høner ved BABU. Frå landsbyen HYuivae i Tyrkia har me motteke melding om at dei no er ribba for høner og at dette har gått ut over livskvaliteten til våre vener i Tyrkiet.
Frå "Smutthullet" i Barentshavet har me fått melding om store samlingar av Arktisk Petrell med mistenkjeleg åtferd. Guvernøren vil saman med Albatrosland vitje området i vinterferien ombord på trålaren Elektron som er i området for å dumpe Blåkveite

hønehauken

Hønehauken slappar av i dentologens hageetter ein betre hønemiddag.

 
 
En vakker sermoni  
   
Norsk Ornitologisk Forening (NOF)
Norsk hekkefuglatlas Birdlife international