Statuttar:
Alle val er gjort etter vanlege demokratiske speleregler
og gjeld fram til 12.04.2025.
Alle kan melde seg inn i Dalen ornitologiske foreining,
men ingen vert medlem av den grunn. Dette er ikkje noko vanleg idrettslag
eller grunneigarforeining der Gud og kvar mann kan betale seg inn.
Her gjeld reglar. Me tek opp dei me likar: Me stør dei som
stør oss.
Me kan ha årsfestar, men utan val. Me kan
ha allslags festar utan val.
Guvernøren kan endre statuttar , men då med
minst 1 stemme. Berre guvernør kan stemme.
Stanley Jacobsen skal ved alle årsmøter
ha rett til å synge:
”Liggje på ryggjen og sjå, på lerka
som svingar seg høgt i det blå”.
Foreningen har motto.
Alle snakkar om det—
Nils Gjer de (t).
Det skal arrangerast studieturar kvart år – der
medlemane betalar kvar for seg.
Slike turar kan gå til:
Tangane, Vatnahalsen, Åslandsreinane, Kenya,
Bulgaria o.s.b.
Studieturar vert arrangert synkront med Villblomens
dag.
Pianistinner kan få ad hoc medlemsskap for
avgrensa tidsrom.
Økonomi:
Budsjettet er vedteke og rekneskapen revidert fram
til 12.04.2025. Me kastar ikkje bort tid på formalitetar. Me
har anna å gjere når me møtest – me studerar
nemleg fuglar (birds). Folk som pådreg seg musesjuke kan ekskluderast
utan viderverdigheiter.
I 2025 er Guvernøren 77 år.
Folk som lurer på om han lever kan følgje med i pipa på Babu
Vest. Så lengje det stig grå røyk opp frå pipa er
det liv.
Opphøyerer røyken så kan det veljast ny Guvernør.
( Ordninga vert gjennomført med løyve frå Vatikanet ). |